Forvaltning

Arbeide for høstbare laksebestander!

Lakseelvane på Sunnmøre har dei siste 5-6 åra lagt ned eit formidabelt arbeid for å kunne gjennomføre bilogiske undersøkingar i elvane våre. Ein biologisk undersøking går ut på å undersøke vannkvalitet, gyteforhold, talet på fiskeungar og alder på desse. I tillegg vert det utført drivtellingar.

Etter endt arbeid har elveeigarlaga fått ein fyldig rapport der ein får oversikt over tilstanden i elva, med forslag til tiltak på kva ein kan gjere for å få meir laks og sjøaure i elvane våre.

Ein biologisk undersøking kostar mellom kr 80 og 170.000,- pr. vassdrag. Vi har fram til no undersøkt og starta arbeidet med å gjenreise laksestammene i meir enn 15 vassdrag på Sunnmøre. Elver har fått plass i genbank, og i andre elver arbeider ein med biotopjusterande tiltak m.m.

Gjennom desse åra lakseelvane på Sunnmøre har stilt opp for elveeigarlag som ynskjer eit samarbeid. Kostnadene til undersøkingar m.m har kome på langt over 3 millionar  kroner.

Rapportane vi har fått etter undersøkingar i mange av vassdraga våre har vist at situasjonen for laks og sjøaure er kritisk, til tapte stammer. Dette gjeld elver som Valldøla, Vartdalselva. Edsdalselv. Storelva i Norddal, Stordalselva med mange fleire.

Takka vere støtta frå våre samarbeidspartnarar har vi fått utført dette arbeidet til det beste for laks og sjøaure. Uten økonomisk og anna støtte hadde vi ikkje hatt moglegheit til å gjere den jobben vi har fått gjort. Det viser seg at dei elvane som får sette ut yngel (har klekkeri) greier seg og når gytebestandsmåla.

Med ein 2-3 unntak ser det ikkje bra ut for dei andre elvane som ikkje kultiverer. Med å ha fått Eidsdalselva og Elva i Norddal pluss Vartdalselva inn på genbank, så er desse elvane berga.Om nokre år vil desse ha stammer som det igjen kan haustast av.

Takk til sponsorane for at dokke gjer dette mogleg, og er med på å berge villaks og sjøaure på Sunnmøre. Lakseelvane på Sunnmøre vil rette ei ekstra stor takk til Havbruksnæringa, Sparebanken Møre sentralt og lokalt og Gjensidige for all den støtte vi har fått. No ser vi resultatet.

Vi vil og takke Fylkeskommunen, Fylkesmannen, Miljødirektoratet, NINA og Vetrinærinstituttet for alt dei har stilt opp med for å berge villaks og sjøaure på Sunnmøre.

Til slutt vil vi og takke Rådgivande Biologar frå Bergen for vel utført arbeid, og mange gode råd gjennom dei siste 5-6 åra der vi har hatt eit tett samarbeid.